To vegar i folkemusikken

Tekst: Kjell Bitustøyl
Foto: Kyrre Lien, Leif Arne Holme, Eva Brænd og Signe Fuglesteg Luksengard.
Publisert: 04.12.2018

På folkemusikkhimmelen for tida er to av stjernene systrene Margit og Helga Myhr, den fyrste meir etablert enn den andre, men båe med stø kurs mot elitesjiktet i norsk folkemusikk. Dei har mykje til felles, dei har vakse opp i ein folkemusikkfamilie og har slik fått ei solid grunnutdanning i tradisjonell folkemusikk og folkedans.

Eit multitalent

Margit Myhr er kanskje det næraste ein kjem eit folkemusikalsk multitalent. Margit sin veg til ein profesjonell karriere som folkemusikar, folkedansar og skodespelar har vore ei god miks, som blant anna har ført henne til topps i vokal folkemusikk på Landskappleiken i 2016, der ho òg fekk Kongepokalen. Margit har fått med seg ein heil del av det ein kan kalle «livets skule» i folkemusikken.

– Eigentleg mest dét, ja. Me har vore på så utruleg mange tilstellingar, kappleikar og konsertar og slikt. Det er ein opplagt fordel å ha høyrt mykje når ein skal lære seg å meistre enten song eller spel. Eg trur det er viktig å lytte.

Teaterfaget har Margit hatt interesse for lenge, heilt sidan ho var med Leveld teaterlag i ungdomen. I fleire sesongar har ho vore sterkt knytt til Västanå teater.

– At eg i tillegg til songen og skodespelet òg spelar og dansar, fører til at eg får ein veldig variert arbeidskvardag.

Ho gjekk fyrst tre år på Ole Bull Akademiet, så tok ho ei pause i to år før siste året, dette fordi ho hadde så mykje oppdrag. Slik oppnådde ho i ung alder å kunne leva av musikken.

– Eg hadde ikkje tenkt så nøye på kva eg skulle bli, men no har eg lært meg til å seie at eg jobbar med folkemusikk. Å gå vidare på eit høgare studium er på noverande tidspunkt uaktuelt.

– Det å ha fått lov til å vera arbeidsaktiv frå tidleg av har vore ein fin og effektiv måte å lære nytt. Eg elskar når eit prosjekt eller ein kollega er med på å utvikle meg som utøvar. Å stadig bli utfordra i nye oppgåver får meg til å tenkje nytt og inspirerer meg til å vekse vidare.

«At folkemusikken og -dansen blir meir synleg, kjem til å skje. Og sjølv om det gjeng litt seinare enn ein skulle ynskje, har det likevel skjedd mykje dei siste åra.»

Stakar ut ei framtidig karriere

Helga Myhr hadde i juli eksamenskonsert ved NMH på Riksscena. For Helga som solist på hardingfele var dette ei god oppleving, og så fekk ho med seg Kvedarkvintetten med storesystrene Sina og Margit, og dei to andre; Silje og Tonje Risdal Liahagen.

Helga er den yngste av dei tre systrene, og ho minnest godt kvar hennar motivasjon kom frå: Det var då dei eldre syskena fekk lære seg langeleikspel, song og etterkvart òg hardingfele av mora Gunnlaug Lien Myhr. Dans blei det òg mykje av, ikkje rart kanskje når faren heiter Martin Myhr og er av dei fremste i landet innafor lausdans.

Medan storsyster Margit satsa mest på song og skodespel og mellomste syster Sina tok seg utdanning som vernepleiar, blei hardingfela Helga sitt viktigaste instrument, sjølv om ho både syng, spelar langeleik og dansar, ho som dei andre.

– Storesystrene var heltane mine, og eg kunne ein del slåttar alt før eg begynte å spela. Så var det mykje dans og eg lærte meg etter kvart òg å spela til dans, noko eg likar svært godt.

Skape i lag med andre

Kappleikane har vore viktig også for Helga, pluss Strunkeveko og Jørn Hilme-stemnet. Ho øvde målbevisst og hardt då ho skulle delta på fyrste landskappleiken i ein alder av 14 år. Og resultatet blei bra for debutanten, ho hamna i den øvre tredjedelen av lista i yngste klasse. Helga har eit positivt forhold til Landskappleiken og rykka sjølv opp i klasse A i 2015. Men etter å ha spela ein del konsertar, synest ho at kappleikscena kan bli litt stivt og unaturleg, til dømes samanlikna med å sitje på kvelden og drive med jamming i lag med andre.

Helga har to år bak seg på Folkemusikklinja på Vinstra. Derifrå gjekk vegen til Musikkhøgskolen.

– Musikken har fylgd meg heilt frå eg var liten, det er det eg kjenner til, men eg har aldri visst kva eg vil bli, berre kva eg hadde lyst til, seier ho. No er ho likevel halveges på bachelorstudiet.

– Eg har blitt veldig inspirert av å gå på NMH og har no meir ein tanke om å bli ein profesjonell musikar. Det er kjempeartig med så mange ulike musikarar: jazz, klassisk, samtidsmusikk, komponistar og dirigentar.

Kva er så viktigaste grunnen til at du går på NMH?

– Det er å bruke folkemusikken som min eigen bakgrunn til å skape noko i lag med andre, det å få ulike synsvinklar på det ein driv på med sjølv, det å utnytte folkemusikken for det han er verdt med alle detaljar, både vokalt og i spelet.

Så føler Helga seg òg privilegert som kan velje lærarar frå øvste hylle, både dei to felelærarane ho har hatt som er fast tilsette, Håkon Høgemo og Andreas Bjørkås, men òg at ho frå og med tredje året kan velje heilt fritt.

– Denne hausten skal eg ha Tanja Orning, samtidscellist, er det overraskande svaret. Og eg spør sjølvsagt kvifor?

«Mamma er mitt største idol no.
Alt ho kan!»

– Ho har verkeleg utforska instrumentet sitt, klangen og lyden, ho kan få ut alle slags lydar. Og eg har blitt meir og meir interessert i samtidsmusikk. Men eg skal sjølvsagt fortsetje med den tradisjonelle folkemusikken, eg kjem framleis til å ha Håkon Høgemo som lærar, og så vil eg gjerne spele meir med Egil Syversbråten som eg har lært av tidlegare. Det òg er viktig for meg.

Alle veit at i den fasen av livet Helga er no har ein ofte nokon ein ser opp til:

– Mamma er mitt største idol no. Alt ho kan! Men ho nemner òg felespelar og komponist Anne Hytta.

– Anne Hytta oppdaga eg via soloplata hennar «Dag, kveld, natt» medan eg gjekk på Vinstra. Ho har vore viktig for meg sidan då. Eg har òg vore så heldig å få ha nokre speletimar med henne her i Oslo.

I gruppa Morgonrode spelar Helga saman med to medstudentar, Selma French Bolstad og Rasmus Kjorstad.

«Eg har blitt veldig inspirert av å gå på NMH og har no meir ein tanke om å bli ein profesjonell musikar. Det er kjempeartig med så mange ulike musikarar: jazz, klassisk, samtidsmusikk, komponistar og dirigentar.»

– I denne gruppa brukar me både tradisjonelle og sjølvlaga songar og slåttar – arrangementa våre er bygd på ulike idear vi har improvisert fram.

Korleis er det å vera folkemusikkstudent i eit miljø saman med sjangrar som klassisk og jazz?

– Eg opplever at folk ser på folkemusikken som likeverdig og er verkeleg interesserte og viser musikken respekt. Så er det òg viktig for folkemusikarar å ha sjølvrespekt. Ein må stå for noko og vera stolt av sin eigen musikk.

Helga stilte på Landskappleiken i år òg, ho meiner det er viktig at kvinnene profilerer seg i A-klassa, som er ei klasse mest dominert av menn.

Ein moderne folkemusikar midt i tida er ho, denne talentfulle felespelaren frå Hallingdal, og ho fortel at ho nyleg blei invitert til å vera med i det nystarta
samtidsensemble +47. Dei hadde lyst til å ha med hardingfele i ensemblet sitt.

– Kjempeartig for meg! seier Helga entusiastisk. Slik er det ikkje berre folkemusikarane som kan ha noko å hente med tanke på ei framtidig karriere som musikar – men kanskje i like stor grad dei andre musikkstudentane ved NMH.