Folkemusikar, komponist og tidligere student på Musikkhøgskolen Gjermund Larsen er ein etablert kunstnar som har oppnådd mykje. Nyleg skreiv han eit nytt bestillingsverk til Det Norske Solistkor som ble urframført på Nordland Musikkfestuke i Bodø i august. Folketonen og fela er i sentrum saman med det sørsamiske, framført av joikaren Marja Mortensson. Så skriv han òg for trioen sin innimellom.

«Etter at utdanningane kom har me blitt endå flinkare til å ta med oss tradisjonen, og ta han i bruk. Det er då han blir interessant.»
Gjermund Larsen
Lys framtid
Gjermund meiner likevel at ein må stadig skape gode prosjekt. Det same gjeld for festivalar og konsertarrangørar. Det er viktig at dei òg er dyktige.
Ensemblespel og det å lage ny musikk er ein måte å få inn pengar på?
– Ja, og samtidig ligg det i oss dette med skapartrongen. Me står på skuldrene til tradisjonen, men vil setje vårt eige preg på musikken.
Dyktige musikarar har vel gjort dette til alle tider?
– Det har bestandig vore utvikling, og nokon har drege strikken veldig langt, og det trur eg du er avhengig av. Det vil alltid vera nokon som bremsar kraftig og nokon som gassar på.
Einskilde røster har vore redde for at Norges musikkhøgskole fører til standardisering, at særpreg kan bli borte?
– Eg trur det er litt myte. Det er veldig avhengig av kva slags folk som går der. Generelt er poenget at ein skal fordjupe seg i tradisjonen, men så spelar ein sjølvsagt med kvarandre og får impulsar, då er ein i utvikling den tida der. Studiet for meg handla om å få gode arbeidsvanar; lære meg å øve og å jobbe med musikken. For min del var det veldig viktig med dei seks åra på NMH. Samtidig var eg mykje ut og spelte – ein fin kombinasjon for meg, det å få så lang tid til å fordøye alle inntrykk.
Framtida for folkemusikken generelt?
– Pila har peika opp og fram jamt og trutt, det trur eg vil fortsetje. Men me er avhengige av at nye talent blir tatt godt vare på, og at dei som jobbar for folkemusikken i styre og stell, snakkar vår sak. Å skaffe pengar til festivalar og andre arrangørar er ein evig kamp.
Gjermund ser positivt på framtida, og han spør: «Skal alt vera som det var før?»
– Etter at utdanningane kom har me blitt endå flinkare til å ta med oss tradisjonen, og ta han i bruk. Det er då han blir interessant. Viss ikkje, hadde me ikkje gidda å bruke han, og då hadde han i alle fall forsvunne. Musikk er eit overskotsføretak du driv med fyrst og fremst fordi det er artig, du må ha glimtet i auga. Viss ikkje, er det trasig å vera musikar.